Symaskina er henta fram etter fleire år utan eit einaste sting. Eg vart fort biten av sybasillen, så no syr eg meir klede enn mine små gull har bruk for.
Dersom du ønskjer å kjøpe noko av det du ser til sals, eventuelt bestille nokre av plagga i anna farge/størrelse, kan du kontakte meg på
hildesander@gmail.com
Eg lagar unike og glade klede som kan nyttast både i leik og til fest. Ønskje om å skape noko spesielt til mine eigne ungar og andre små, inspirerer meg stort. Derfor får du óg sjansen til å glede nokon med makeløse klede.
Kan hende eit og same plagg kjem i fleire størrelsar, men dei vil uansett ikkje bli heilt lik. Eg endrar heile tida på små detaljar.
Litlokjolen, som eg syr flest av akkurat no, skal vera leken. Derfor set eg saman fargar som gjer kjolen både lystig og lekker. Samstundes som dei er friske og fine, er kjolane laga i mjuke stoff som velour og fleece.