Etter at eg sydde dette gule, glade snurreskjørtet til litlo fekk eg ein hyggeleg førespurnad om eg kunne lage eit likt til ein anna sju-åring. Sidan eg hadde meir igjen av det lekre dynetrekket, var det kjekt å kunne sei ja og lage eit tilsvarande snurreskjørt på bestilling.
Den nye eigaren har motteke skjørtet sitt, så no er det berre å håpe på at det vert godt brukt
I vest pøsar regnet ned, men det er helg og eg har kjøpt meg det nysloppe albumet til tromsøbandet Violet Road. Herlege låtar som Can you hear the morning singing skal få strømme ut av høgtalarane i helga, medan eg tek meg tid til både litt sying og strikking.
God helg!









Det er herlige skjørt du lager og jeg tipper de blir mye brukt. Det er grått og trist på andre siden av fjellet også, dessverre. Men da er jeg inne med god samvittighet:)
Hei, her om dagen lagde jeg min første pute. Utrolig gøy, det blir flere! Kjempefint skjørt:)