Det har stort sett berre blitt mjuke pakkar frå denne kanten til jul i år. Vridd hals og hue har fleire av ungjentene me kjenner kunne pynta seg med i romjula.
Mamma og ei god venninne har fått Pickles si vaffelhue, mor har fått seg eit Multnomah sjal, ei tante og svigermor har fått mjuke, varme halsar, litlebror sin kjæreste har fått eit sidelengs sjal og ei lita snuppe har fått bolero i mjukaste Pickles Extra Fine Merino. I tillegg har eg gitt vekk eit par av mine heimestrikka kjøkkenklutar.
This slideshow requires JavaScript.
Oppsummeringa vise jo at eg faktisk har vore ganske så produktiv i tida før jul, men eg har ikkje gått lei. No har eg ein herlig I <3 U genser til litlo på pinnane. Den håpar eg å bli ferdig med til skulestart på tysdag
Då gjenstår det berre å ønskje dåke eit fantastisk godt nytt år!
Og takk for det gamle. Det er utruleg inspirerande å vere ein del av blogglandia, og eg håpar på mykje kreativitet og inspirasjon òg i året som kjem!









takk for mye inspirasjon fra deg i året som er gått
Godt nytt år til deg og dine – gleder meg til å følge bloggen din også til neste år