Hekleprosjekt – vognteppe av oldemorruter

Oldemorruter eller bestemorruter – kjært barn har mange namn – skal bli sengeteppe til litlo si vogn. Ho ville gjerne ha noko fint å dekke dyna med når ho og dokka skal vere med på trilletur i lag med magebuaren og mamma om få veker 🙂

Oldemorruter som skal bli dukkevognteppe

Oldemorrutene er hekla av restegarn etter klutane eg har strikka og noko tråd som har lege i korga i minst ti år. Det var jubel då litlo fann det gullfarga garnet i restekorga, og eg fekk umiddelbart beskjed om at det skulle vere hovudfargen. Resten kunne eg gjere som eg ville med, men ho er likevel spesielt begeistra for dei rutene som inneheld både rosa og blått.

Eg har brukt ein del garn av sorten Mandarin Petit og på nøsta står det å leser at strikkepinne nummer tre passar best. Eg har valt ei heklenål i størrelse 5 og syns det luftige resultatet på rutene vart bra!

No gjeld det berre å feste alle trådane og finne ein flott måte å hekle rutene saman på så er teppet ferdig. Foreløpig tenkjer eg å bruke denne metoden funne på garnstudio.com

Har du tips eller råd om korleis eg kan hekle saman teppet, tar eg gjerne imot.

3 responses to “Hekleprosjekt – vognteppe av oldemorruter

  1. Hei, på garnstudio.no har de et slikt teppe som er heklet sammen. Jeg heklet et stort teppe – og heklet det sammen, men holder nå på å ta det opp igjen, syntes ikke monteringen ble så fin, rutene blir litt forskjøvet for hver rute – så det blir ikke helt rett… derfor velger jeg å heller sy dem sammen, og siden du har en grunnfarge så vil jeg anbefale det – det blir finest 😉 også kan du heller hekle en kant rundt hele teppet 😉

  2. Ja, eg prøvde meg også på ei sammenhekling eg fann på Garnstudio, men valgte også å rekke opp… Har hekla teppet sammen med kobinasjon av fastmasker og luftmasker, slik at det ser ut som om det er sydd sammen. Syns det funka greitt 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s