Eg simpelthen elskar gardinene eg fekk med meg etter ein ferietur i Nord-Noreg i fjor sommar. Tidlegare har eg sydd tunika til litlo med ermar av dette stoffet og ein fleecekjole til meg sjølv, der gardina vart brukt på bringa.
Fjorårets tunika har litlo vakse ifrå, så det var på tide med ein ny kjole av retroskatten!
Denne gongen med raud velour som basis. Litlo har sjølv valt motiv og farge på applikasjonen. Kjolen vart superfresh med den gule blomen på, men eg har i tillegg pynta med svart kroklisse og ein raud knapp.