Ein klut om dagen…

Fargerike kjøkkenklutar

Eg har fått ferdig fleire fargerike kjøkkenklutar! Ein slik fargeklatt blir fort strikka på ein kveld, og er absolutt ei fin tidtrøyte mens man sit ute og nyt sola eller ser TV. Fortsatt same oppskrift og same garn på ein del av klutane, men eg har også prøvd meg på to andre typar mønster.

Den lyse kluten er også strikka i Mandarin Petit med dobbel tråd på pinne 4.

Den grøne er strikka i Mandarin Petit, dobbel tråd, på pinne 4 etter ei oppskrift eg fann på Sykroken. Eg la opp 45 masker og strikka tre rette og ein vrang ut pinnen. Dette går ikkje opp, men det er faktisk meininga. Eg avslutta kvar pinne med ein rett for så å snu arbeidet og starte på nytt med tre rette og ein vrang. Det vart eit kult mønster på kluten, men neste gong vil eg nok legge opp litt fleire masker.

I tillegg  har eg prøvd med på rillestrikk slik dei har gjort på ein av variantane på Pickles. Ein heilt grei klut, men den mest keisame eg har laga til no…

One response to “Ein klut om dagen…

  1. Så moro at flere strikker kluter! Jeg lurer på om jeg ikke har vært innom her tidligere og funnet litt inspirasjon! Jeg må si at slike hjemmestikka kluter fungerer helt gull!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s