To ganger snurreskjørt

Kule, kledelige og komfortable – disse snurreskjørta er blitt veldig populære her i huset. Når litlo insisterer å ha på sitt raude snurreksjørt alle dei fem barnehagedagane i løpet av ei veke, fann eg ut at det er på sin plass å sy nokre fleire skjørt. Frå før har ho også eit Pippisnurreskjørt, men no er garderoben utvida med eit fargerikt blomstrande skjørt og eit snurreskjørt med store sirklar på.

Fargerikt snurreskjørt i størrelse seks år.

Det siste er av eit litt tjukt gardinstoff som eg kjøpte av kaoz for litt sidan. Stoffet er kanskje vel stift og tjukt til skjørt, men mønsteret frista meg så sterkt til å prøve det ut for å sjå om det fungerer – og det gjer det! Eg reknar med at sirkelskjørtet vert lagt bort på dei varmaste sommardagane…

Sydd av gardinstoff. Størrelse seks år.

Skjørta er sydd i størrelse seks år, men kan brukast av både dei som er yngre og eldre. Den lange levetida på disse plagga er noko av det som gjer det ekstra kjekt å lage dei.

2 responses to “To ganger snurreskjørt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s