Små under

For ei god veke sidan kom litleguten vår til verda, og det forklarar kvifor det er roleg på bloggen min for tida…
I bagen eg hadde med til sjukehuset låg to par små, blå handstrikka ullsokkar som minsteguten arva frå kalen. Eit par sokkar som vart mykje brukt for fire år sidan, og som har vore mykje brukt til no.

Ullsokkar strikka av jordmor Ranveig

Ullsokkane var ei gåve frå jordmora som tok imot kalen på fødeavdelinga ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN). Eg vart svært overraska og ikkje minst glad over å få heimestrikka sokkar til  den vesle prinsen min frå ei dame eg ikkje har møtt tidlegare. Ranveig – jordmora som har strikka disse – gir rosa eller blå ullsokkar til alle babyar ho tek imot.  Ho ønskjer å halde dei nyfødde varme på føtene.

I den tida eg fekk kalen, arbeidde eg i Krysspress – som blant anna laga UNN sitt bedriftsmagasin Pingvinen. Her kan du lese ein artikkel om jordmor Ranveig og hennar strikkeglede.

Du finn artikkelen på side 4. God lesing!

7 responses to “Små under

  1. Vilken söt bild. Som säger så mycket. Surfar runt lite och kikar in både här och där. Nu är jag här och vill berätta för dig att jag har en giveaway i min blogg. Vore skoj om så många som möjligt vill vara med. Om inte av eget intresse så kanske för att hjälpa mig sprida budskapet att jag öppnat en egen liten blogg-shop (som jag drömt om något år). Passar även på att önska er trevlig söndagkväll 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s