SNIKKIKK: litlo & kalen-klær på torgdag

Laurdag 19. juni er det torgdag i Dyrøy i Troms. Eg er så heldig å ha ei flink venninne – sjekk bloggen Ulldoser – som samen med andre kreative damer skal ha stand i sentrum av Brøstadbotn for blant anna å selje flotte strikkaprodukt. Eg er blitt spurt om å sende litlo & kalen-klær nordover og på den måten delta på Torgdagen med nokre av mine produkt 🙂

Stoff som skal syast til vendbare forklekjolar og seljast på Torgdagen i Dyrøy.

Det er sjølvsagt eit tilbod eg ikkje takkar nei til, og no er eg i full gong med å sy opp litt kjolar. Her får du ein snikkikk på stoffer eg har valt ut og som skal verte til vendbare forklekjolar. Dei aller fleste kjolane er i størrelse eitt til tre år. Ein eller to vert i størrelse fire til seks år. I tillegg har eg to velourkjolar som er klare.

3 responses to “SNIKKIKK: litlo & kalen-klær på torgdag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s