Bukse med striper

Deilig lekebukse til kalen. Sydd i bomullsstoff og er i størrelse fire år

Då var det på tide at kalen fekk seg litt heimesydd han også. Det stripete stoffet kjøpte eg på salg på Stoff og stil i vinter med tanke på sommarklede til dei minste. Ei skjorte i dette bomullsstoffet med fargerike detaljar kunne nok også bli tøft…
Buksa er utan sidesømmar og svært enkel å sy – spesielt når eg ikkje har sprita den opp med lommer eller anna stæsj. Men no som eg veit at mønsteret fungerer bra, blir det nok meir leking på neste.

Eg har valgt ribb i livet i staden for strikk.

Mønsteret til buksa er henta frå boka Sy til barn av Rikke Misciattelli. Eg syns buksemønsteret er i vidaste laget, så eg har forlenga størrelse 98 til min fireåring for å ikkje få den så enormt posete rundt rumpa.

3 responses to “Bukse med striper

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s