Mislykka i fjor, perfekt i år

Denne buksa sydde eg til litlo i fjor. Tanken var at det skulle vere ei capribukse til bruk om sommaren, men den vart litt for stor. Ribben i beina var ikkje stram nok til å få buksa til å henge rett under knea og ribben i livet var for vid sånn at buksa heile tida datt ned…

capribukse i lilla velour

Buksa har blitt liggjande i skåpet sidan i fjor sommar, men her om dagen vart det så varmt at me måtte grave innerst i klesskåpet for å sjå om nokre av dei sommarslege kleda frå 2009 passa i år. Då dukka velourbuksa opp og vart fort prøvd på.
Den PASSA PERFEKT.

Titt og ofte er eg innom Jippiyes sin blogg. Ho syr fantastiske barneklede! Då er ramla over Epleblusen ho har laga, falt eg pladask. Den måtte eg berre ha 🙂

Lekker eplebluse kjøpt hos Jippiyes

Lukka var stor då den kom i posten – fint innpakka i rødt papir med kvite prikkar. Litlo var like spent som mora – blusen passa heilt perfekt. Saman med fjorårets sommarbukse blei det eit supert antrekk! Så tusen takk for ein god handel, Jippiyes!

Fargerikt sommarantrekk til litlo

One response to “Mislykka i fjor, perfekt i år

  1. Så gøy å se live-bilde! Størrelsen ser bra ut, ja. Og det ser ut til å være sommer hos dere. Her er det kuling og styrtregn, men det var sommer for noen timer siden. Merkelig vær. Ønsker dere er finfin sommer og håper blusen blir brukt masse! (Mulig det er en liten åpning i kantebånd-skjøten om du vil justere på strikken i halsen.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s