Ull, ull og meire ull

Det er enklare å ta med seg strikketøyet på terrassen når sola skin enn å setje seg foran symaskinen i kjellaren. Difor har eg gått til innkjøp av nytt garn frå Pickles. Det er første gong er prøver tråd frå dei, og eg må sei at eg er mektig imponert. Både over kjapp levering og eit herleg garn. Tjukk merino herfrå er allereie min nye favoritt.

Cashmerino i mjuk grønn og mjuk grågrønn

Det er utruleg mange flotte strikkebloggar å hente inspirasjon frå, og ei av dei som har inspirert meg er Ulldoser med sine mange og flotte sjal/halsar. Tanken er å strikke halsar og baggy hue til vaksne og vest i størrelse seks mnd. av tråden eg har kjøpt.  Ein hals er til min snille mamma!

Tjukk merino frå Pickles

Sjølv om det er sommar og eg burde strikka i lett bomullsgarn har eg berre bestilt ullgarn denne gongen. På den måten er det jo håp om at plagga er ferdige til hausten/vinteren når det blir godt å kle på seg noko lunt!

Den nydelige blåfargen Skumring i tjukk merion er allereie lagt opp på pinnane – halsen begynner å ta form…

One response to “Ull, ull og meire ull

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s