Dilla på lilla

Litlo har hatt sin aller siste dag i barnehagen, og i august vente skulen. Sidan eldste jenta vår er i ferd med å bli stor har litlo og eg bestemt oss for at det er på tide å gjere noko med rommet hennar.

For ei tid sidan arva me ei Kura vendbar seng frå IKEA. Det er ei stund sidan me snudde senga slik at det vert eit rom under, men rommet har me liksom aldri gjort noko med. Derfor har det berre blitt meir og meir leker som har blitt drassa inn og lekt med – utan at det har blitt rydda i stor grad.

Så no har me gått til innkjøp av ny madrass som passar, eit par kvite lamper, ei bokhylle og sist men ikkje minst har litlo og eg vore på Stoff og stil og plukka ut fargar til madrasstrekk, og puter.

Lilla i ulike variantar til litlo sitt rom

I mangel på lyserosa stoff med prikkar eller bloma – heldigvis seie no eg 😉 – falt valet på lilla. Det kan eg like!

Litlo er veldig nøgd med valet og er passe utålmodig på å få ferdig eit flott rom under senga. Eg håper me vert sånn passe ferdig før me drar på ferie… Så her er det berre å hive seg rundt og tenkje teknikkar og kombinasjonar for å komme i mål. Trekket til madrassen er ferdig, men ein del puter ligg og ventar på nytt trekk…

Fortsatt god sommar 🙂

One response to “Dilla på lilla

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s