Hjarteklut til brudepar

litlo & kalen har vore i eit fantastisk flott bryllaup i Nordens Paris i sommar. I tillegg til gåve som bruda og brudgommen ønska seg, strikka eg to kjøkkenklutar i kjærleikens farge. Den eine kluten har eg strikka slik eg oftast lagar kjøkkenklutar, medan eg eksperimenterte med hjartemønster på den andre.

To kjøkkenklutar vart strikka til brudeparet. Strikka i bomullsgarn som kan vaskast på 60 grader.

Eg la opp 43 masker og strikka seks rader perlestrikk, så strikka eg perlestrikk på dei fire første og fire siste maskene samstundes som hjarte vart til. Kluten vart avslutta med seks rader perlestrikk.

Dersom eg prøver meg på ny hjarteklut kjem eg til å ha litt fleire radar med glatttrikk før sjølve hjartemønsteret startar. Då får eg nemleg ein litt større klut enn den brudeparet fekk.

Syns brudeparet fortjener ein kjøkkenklut med hjarte på. Litt romantikk i kvardagen skadar ikkje.

Så då er det berre å ønskje dei nygifte all muleg hell og lykke i livet – og gode vaskestunder med dei nye klutane 🙂

One response to “Hjarteklut til brudepar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s