Stoffparadis på Andøya

I det gamle biblioteket på Dverberg samfunnshus på Andøya i Nordland har ein heilt unik butikk gjennomstått. Her fins metervis på metervis med stoffskattar, og eg har vore så heldig å oppleve butikken ein laurdag i sommar.

Bursdagsgåve
Då ferieturen nordover var bestilt, begynte eg å sjekke sjansen for å besøke Adlys Eventyrsalong på Dverberg. I fjor tok eg meg nemleg ikkje tid til å oppleve den.

Adlys Eventyrsalong er stappfull av dei lekraste stoff i all verdas fargar og med pengegåve til bursdagen min, var det ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle bruke dei på 🙂

God service på Adlys Eventyrsalong. Nokre av mine stoffunn i front.

La ned i Harstad
I Harstad fantes det ein butikk som selde dei mest fantastiske tekstilar. Teaterfolk og andre kunstnarar frå hele landet reiste til hit for å kjøpe stoff som ikkje vart seld andre stader.  Dei to søstrene Hanna og Adly Bergan som eigde butikken, gav aldri ei krone i rabatt og dei hadde aldri sal. På den måten vart dei heller ikkje kvitt stoff som hadde gått av moten. I 2009 vart butikken stengt og to dagar før nyttårsafta same år kjøpte Teaterklubb´81  heile varelageret – det er det du no finn på Andøya.

Aksje må ein ha
Og i butikken vert alt gjort på ekte Adly Bergans vis, kun sal av varer mot kontantar og aldri en krone i rabatt. Så dersom du først kjøper ein aksje til 200 kroner – for å støtte teaterlaget – kan du bli lukkeleg eigar av metervis med fargerike stoffer av ulike slag.

Det er mange fristelser for dei som liker å sy, men også for dei som vil ha det ferdigsydd.  Anne Kari Spjelkavik har gjennom Drømmesøm laga sin eigen kolleksjon med retrokjolar for barn, karnevalstøy og kosebamsar. Alt dette er utstilt i samband med Eventyrsalongen, og det er sjølvsagt mulig å kjøpe desse unike plagga.
Dei som besøker butikken blir tatt godt vare på og eg opplevde å få både omvisning i teateret sine fantastiske kostymelager, høyre historia rundt oppkjøpet av Adly Bergans og kjenne, lukte og sjå på rull etter rull etter rull etter rull med fantastiske stoff. Eit ferieminne for livet – og her ser du nokre av bildene frå besøket.

This slideshow requires JavaScript.

7 responses to “Stoffparadis på Andøya

  1. Så morsom at du også har vært der:)
    Jeg bor er par timer unna, og var der i mars og fråtset i lekre stoff! Ser at vi har noenlunde lik smak, for stoffbunken din ligner veldig på det jeg kjøpte:)

  2. Tusen takk for besøket! Så bra at du likte butikken vår og vi håper på besøk igjen når du er nordover.

    Mvh Adlys Eventyrsalong

  3. Så det var her stoffet havnet – jeg rakk heldigvis å besøke butikken en gang før Adly døde – en opplevelse! Jeg kjøpte faktisk av det samme brune stoffet som du har plukket ut, hehe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s