Mosegrøn på bestilling

For litt sidan fekk eg ei hyggeleg bestilling på fire kjøkkenklutar via facebooksida til litlo & kalen. Innimellom oppstart i barnehage for kalen, skulestart for litlo og kosing med minsten som eg er heime i permisjon med, har eg nytt sommartemperaturen som så vidt har vore innom Vestlandet og strikka fire fine kjøkkenklutar i fargen mosegrøn.

Fire kjøkkenklutar på bestilling. 170 kroner per par.

Klutane er strikka med dobbel Mandarin Petit i den fargen som likna mest på mosegrøn. Denne gongen har eg laga to ulike mønster på klutane – to klutar etter den oppskrifta eg brukar mest og to klutar der eg la opp 49 masker og strikka tre rette og ein vrang- berre for å variere litt.

No er klutane sendt til sin ny eigar. Håpar dei fell i smak og gjer vaskinga pitte litt kjekkar 🙂

One response to “Mosegrøn på bestilling

  1. Hei hei, og tusen takk for koselig kommentar på bloggen min! Nå har jeg kost meg gjennom din og, og misunner deg virkelig som kan sy så mange nydelige plagg! Jeg har forøvrig ønsket meg symaskin til jul:) Legger deg til listen min sånn at jeg kan følge deg videre! Riktig god helg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s