Vendbart på bestilling

Vendbar forklekjole i størrelse 4-6 år.

Ei venninne har to flotte jenter som ho av og til kler opp i litlo & kalen-klede. Her om dagen ville ho gjerne bestille to vendbare forklekjolar som jentene kan pynte seg i til hausten og vinteren. Eg har fått frie tøylar på val av stoff, men ho ønska seg noko i lilla tonar. Eigentleg ville ho ha to like forklekjolar, men eg mangla 20 centimeter av begge disse mønstrete stoffa for å få to like. Då vart det ein av kvar, men med det same rutete lillemartinestoffet i lilla på den eine sida.

Vendbar forklekjole i størrelse 4-6 år

Kjolane vart sendt i posten før helga og når nok eigaren om kun kort tid. Håpar både mor og døtre vert nøgde.

Eg hadde også tenkt å overraske venninna mi med ein vridd hals til bursdagen hennar seinare i haust, men då ho såg den eg strikka til meg sjølv ville ho gjerne bestille ein lik. I staden får ho bursdagsgåva litt tidleg i år, og den raude vridde halsen er med i same pakke. Dermed kan ho kle seg vakker og varm i halsen framover 🙂

Vridd hals i bursdagsgåve

One response to “Vendbart på bestilling

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s