Forklekjole til bursdagsjente

Litlo kom heim med ny bursdagsinvitasjon her om dagen, og kunne i tillegg fortelle at bursdagsbarnet ønska seg ein forklekjole 🙂
Sjølvsagt vart eg smigra over at nokon ønska seg litlo & kalen-klær!
Helst ville bursdagsbarnet ha ein i same stoffet som snurreskjørtet ei anna bursdagsjente fekk, men dessverre var ikkje resten av gardinstoffet stort nok…

Litlo har ein slik forklekjole, så det var faktisk greitt å få tenke nytt og lage noko anna. Dermed unngår me òg at tre jenter i klassen har klær av same stoff.
For å bøte på det heile, bestemte litlo og eg at me kunne lage ein einsfarga forklekjole og heller pynte med litt av det søte, småblomstrete stoffet! Og voila – her er ein lekker, lilla forklekjole med rosa skråband og blå blomst.

Forklekjole i bursdagsgåve. Størrelse 4-7 år.

Ifølge litlo falt gåva i smak, så då er det berre å håpa at den passa også!

2 responses to “Forklekjole til bursdagsjente

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s