Blomstrete ballongbukse

Sjølv om eg sydde samen ei heller mislykka ballongbukse for litt sidan, mista eg ikkje motet!
Eg har til og meg gått til innkjøp av nytt cordstoff som eg har tenkt å bruke til ei ny ballongbukse til litlo. Men til første forsøk med nytt mønster frå Stoff og stil, fann eg fram eit gamalt, søtt dynetrekk som eg har fått.

Ballongbukse i størrelse seks år.

Eg har justert noko på mønsteret og er veldig fornøyd med resultatet 🙂
Litlo har prøvd buksa og den satt som eit skudd – berre så synd at me ikkje hadde tid til å forevige det med det samme. Då eg tok fram kamera i kveld, sov litlo søtt. Eg får heller legge ut bilde av buksa i bruk seinare.

1 responses to “Blomstrete ballongbukse

Kommenter innlegget