Enda ein forklekjole :)

Eg syns disse forklekjolane er geniale. No som det tidvis er blå grader i vest og for det meste berre få pluss, blir det mykje ull på dei små. Litlo brukar sin vendbare forklekjole mykje oppå trøye og stilongs, og vil gjerne kle seg opp i den enkle, blomstrete også. Eg må berre ut og kjøpa ull i ein farge som passar til lyseblått og rosa først…

Men tilbake til nytt som er sydd og ikkje alt det gamle 🙂

Enkel forklekjole i størrelse 1-3 år. Sydd i bomullsstoff og kan vaskast på 40 grader.

Denne forklekjolen er i størrelse 1-3 år og er tenkt som gåve – trur eg.  Eg har nemleg to små forklekjolar til som ligg og ventar på syrommet og usikker på kva som passar mottakaren best.

Syrommet trengte ein vask etter at vindu og dør har blitt skifta. Det er kolossalt som det støvar å bytte slikt! Men no er det både reint, vakkert og varmare i kjellaren – og det klør i syfoten. Berre så synd at tida ikkje alltid strekk til…

One response to “Enda ein forklekjole :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s