Ny tråd, nye pinnar og ny julegåve

Eg blir svært overraska om mottakaren av denne julegåva les bloggen, derfor dristar eg meg til å vise fram ei baggy ullhue som skal ligge under eit juletre 24. desember.

Baggy ullhue strikka i tjukk merino frå Pickles.

Eg har tidligare strikka same hua til min litlebror, men denne gongen har eg lagt inn nokre striper med koksgrå.

Advent og mammapermisjon er verkeleg den perfekte kombinasjon! Litelguten og eg storkosar oss med juleførebuingar. Når minstemann kviler, set hu mor på julemusikk, kokar nydeleg kaffi og set seg ned og strikkar eller syr julegåver.

Permisjon, advent og masse tråd = moillkos.

For litt sidan fekk eg nytt garn frå Pickles. Noko har eg planar for – blant anna skal eg lage ein kjekkasgenser til kalen – mens andre nøste får liggje som inspirasjon for gode idear.

Eg har forresten strikka på bambuspinnar for første gong i mitt liv. Trudde ikkje det var særleg stor forskjell på pinnar eg, men må sei at det var ei positiv overrasking…

Ønskje dåke alle ei god og stemningsfull advent!

3 responses to “Ny tråd, nye pinnar og ny julegåve

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s