Pakket og klart

Eg er i mål med alle mine heimalaga julegåver – og er faktisk veldig stolt og fornøyd med nettopp det! Med andre ord vert det mange mjuke julegåver frå denne familien i år, og eg håpar virkelig dei fell i smak. Eg har nemleg spekulert i både fargar og former i håp om å lage noko som mottakaren set pris på, og vil gå med…

Dei tre siste mjuke julegåvene frå litlo og kalen.

Eg syns det er litt ekstra stas – og ikkje minst spenning – knytta til det å gje noko som ein sjølv har laga. Kan jo hende det ikkje fell i smak, ikkje er slitesterkt nok eller at det rett og slett ikkje passar! Er det nokon andre som kjenner på den følelsen?

Uansett, no er eg berre lukkeleg over å vere ferdig sånn at alle får gåve til jul. 18 pakkar har det blitt, samt at eg har strikka nokre klutar og gitt bort hist og her. Innimellom har eg også hatt tid til bestillingar, og eg er straks ferdig med ein tunika til litlo, men no trur eg rett og slett det vert sypause til over jul!

Ønske dåke ei fredelig og flott julefeiring.

2 responses to “Pakket og klart

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s