Jålehals til mamma

Endelig kan eg vise fram julegåvene eg har gitt vekk!
Mor mi fekk blant anna ein jålehals. Denne julegåva var kanskje ikkje så stor overraskelse, sidan ho hadde fått beskjed om at den skulle strikkes. Mest fordi eg trengte å vite kva farge som var ønskeleg.

Pinne 8 blei valgt og eg har lagt opp 120 masker med Duett (bomull og merionoull) frå Sandnesgarn. Deilig garn og litt tynnare enn det eg har brukt frå Pickels.

Denne gongen valde eg å strikke ein vridd hals i ull og bomull. Vil tru den egnar seg fint som pyntehals, og at den ikkje er fullt så lun som ein i rein ull – slik som den forrige mamma fekk er.  Denne gongen var tanken at halsen i større grad skal kunne brukast innandørs, og når det går mot vår.

Men mamma er ikkje den einaste som fekk vridd hals til jul. I tillegg til å ha strikka nokon på bestilling, har eg laga ein til svigermor. Ho kler godt varme raudtonar, så valet falt på hals i samme garn og farge som eg har strikka til ei venninne og meg sjølv tidligare. Halsen er allereie tatt i bruk, og eg har sett bevis på at den passar og er veldig flott på 🙂

Vridd hals strikka i tjukk merino.

One response to “Jålehals til mamma

  1. Godt tips å strikke den i ull/bomull. Har prøvd meg på denne før, men da i tjukk merino. Den ble ikke så lang at den enkelt kunne tas 2 ganger rundt, så jeg skal prøve dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s