Sirklar på bestilling

Forklekjole og snurreskjørt til søskenpar.

Ein forklekjole og eit snurreskjørt er putta i posten og på veg til sine nye eigarar.
Stoff har eg fått av ei gavmild dame og kjøpt på Fretex. Eg likar begge tekstila svært godt, og syns den vendbare forklekjolen gjorde seg med sirklar og tulipanar.

Eg har fått heilt frie tøylar på stoff og fargevalg denne gongen, men med ønske om ein viss søskenmatch. No er eg sjølvsagt spent på om det passar, og fell i smak.

This slideshow requires JavaScript.

Etter ei opptelling ser eg at dette er det 13. snurreskjørtet og den 20. forklekjolen er har sydd.
Snurreskjørta er populære bursdagsgåver, så det vert fleire av dei i tida framover. Forklekjolane har både eg og litlo lagt vår elsk på, samt at eg har fått nokre bestillingar på dei, så eg er overbevist om at det vert mange fleire av denne typen i løpet av året.

Ønske dåke alle ein flott torsdag!

2 responses to “Sirklar på bestilling

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s