Rosa på min hals

Innimellom strikking og sying til andre, kjenner eg òg behov for å lage noko til meg sjølv. Eg har lenge hatt lyst på ein hals i samme garnet som jålehalsen eg gav til mamma. Det er ein blanding av ull og bomull, og halsen er meir brukarvennleg enn den i ull no som det går mot vår.
Denne kan brukast inne utan at det vert for klamt – med andre ord ein perfekt hals som både er jålete og praktisk.

Vridd hals i rosa Duett frå Sandnes garn

For tida har eg tre strikkeprosjekt på gong, og sju syprosjekt som ligg og ventar på å bli ferdig. I tillegg er det stadig nye idear og tankar som opptar plass i topplokket…
Innimellom skulle eg ønske at døgnet hadde fleire timar, eventuelt at eg hadde fleire armar og mengder med simultankapasitet til å få unna alt eg vil prøve meg på 🙂

Kjekkasgenser under arbeid.

Blant anna kjenner eg lysten på å sy voksenkjole igjen. Gledar meg til den nye Stoff og stil-katalogen kjem med inspirasjon til vår- og sommarklær.

Fakta om Vridd hals:
Garn: 3 nøster Duett frå Sandnes
Pinnar: rundpinne nr. 8
Antall masker: 108
Mønster: Vridd hals frå Pickles

4 responses to “Rosa på min hals

  1. Hei hei! Så FIIIIN hals!!! Hals er virkelig så skjønt altså:) Bedre enn skjerf! Og må jo si at jeg har siklet etter den nye kjekkasgenseren siden den dagen Pickles la den ut. Den er så nydelig. Får jeg en gutt en gang, skal ha få denne:)

  2. Super fin hals – god ide å lage en i blandet garn. En hals er på min liste sammen med nye pulsvarmere, leggvarmere og pannebånd – skal jo være klar til sykkelsesongen starter 😉

    Ha en super dag og lykke til med alle projektene 🙂

Legg att svar til ulldoser Avbryt svar