Forelska i Gynther

Først av alt må eg få takke for all respons på mitt forrige innlegg. Unikt sjal av dynetrekk appellerte til mange fleire enn eg forventa, og det er berre sååå gøy når andre set pris på, og tar seg tid til å kommentere, det eg skryt av på bloggen min 🙂
Men så over til dagens tekst… Det er ein fryd å sy skjorter basert på mønsteret til Elsebeth Gynther! Å kombinere stoff og fargar, sy saman plagga for så å finpusse finishen med skråband og knapp – jo eg diggar å sy disse!

Skjorte med utgangspunkt i Gynther-mønster.

Denne er ei barselgåve til ei venninne som fekk ein flott gut kort tid før jul. Planen var å gje både skjorta og søstera sin kjole i julegåve, men eg fekk kjøpt meg litt tid…
No er eg altså ferdig, og eg var overbevist om at Gynther-skjorta falt i smak. Fargane eg har valgt er nemleg i tråd med det mora likar 🙂  Og no har eg fått bekrefta det eg trudde.

This slideshow requires JavaScript.

Gynther-skjorta
Skjorta er sydd i cord og arva sengetøy.
Størrelse 74 (ca. 6 mnd.)
Pynta med apekatt frå Stoff og stil og eigenlaga knapp.

Fleece-kjole
Sydd av raud polarfleece.
Størrelse 4 år.
Pynta med stoff frå restekorga og gammal knapp som eg har fått.

2 responses to “Forelska i Gynther

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s