Kjekkas i ny genser

Det er vel berre å innrømma at eg likar best å strikke noko som blir ferdig utan at eg må legge opp fleire gongar – altså klutar, halsar, huer og så vidare…

Enda en kjekkasgenser frå Pickles

Denne kjekkasgenseren frå Pickles starta eg på for ei tid sidan, og den er eigentlig kjapp å strikke. Med det samme eg avslutta bolen la eg opp til den eine armen. Den brukte eg litt tid på å få ferdig, men det skuldast kun min latskap på å ta fram strikketøyet. Eg følte meg liksom litt ferdig så snart bolen var i orden.

Arm nummer to vart lagt opp eit par tre dagar etter at første var ferdig.

Men det skal no seiast at eg har strikka tre halsar, ei hue og ein klut i mellomtida – samt sydd litt – så det er jo ikkje sånn at eg ikkje har gjort noko handarbeid…

Uansett; genseren likar eg! Garnet – Pickles baby merino – er supert å strikke med og kjekkasen er fantastisk mjuk,  lun og kløfri!
Strikka i fargane Nordisk hav og Gråstein, størrelse 5/6 år og er ein smule romsleg for kalen på snart fem.

2 responses to “Kjekkas i ny genser

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s