Enkel vest i bursdagsgåve

Det er lenge sidan eg kjøpte mønsteret til Enkel vest frå Pickles, men innimellom tar det laaaang tid før eg får starta på det eg tenkjer på. No har eg endelig fått testa ut mønsteret, og er veldig fornøyd.

Enkel vest i ull

Eg tok ein kikk i garnkorga og fant fort ut at eg hadde ein del superwash igjen etter tunikaen eg strikka til litlo. Saman med litt babygarn i merinoull fekk eg omtrent same strikkefasthet som oppskrifta fortel. Tru det eller ei, men ein miniprøvelapp vart faktisk strikka…

Avbilda før knappane vart sydd fast…

Eg har gått opp eit halvt nummer på pinnane (til 6) og strikka vesten i størrelse to år. Knappane har eg fått frå bursdagsbarnet og mine ungar si felles oldemor. Eg syns det er så stas å kunne gje ei heimelaga gåve med eit par knappar nostalgi!

Gratulerer med dine to år, H.

One response to “Enkel vest i bursdagsgåve

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s