Blått og brunt med bilar

Kosedress i lys blå og brun

Ein tøff skinnegutt i Alta har tidligare fått ei pingubukse som dessverre viste seg å vere litt for stor. No har eg justert mønsteret og lagd to nye bukser på bestilling,  samt ei skjorte som matcher begge buksene. Skjorta er ei gåve frå oss, og som nokre gongar før har eg tatt utgangspunkt i eit mønster frå Elsebeth Gynther si bok: Børnetøj du selv kan sy 0-4.

O er berre ei veke yngre enn vår E, så eg har prøvd klærne på vår kar og det ser ut til å passe fint. Buksene var naturleg nok litt store sidan E ikkje brukar skinner, så eg er sjølvsagt spent på om passforma er betre denne gongen.

This slideshow requires JavaScript.

Den eine buksa har fått glidelås i front – min første sådan – og den er eit stk. arvegods frå O og E si oldemor. Det syns eg er ekstra stas.

Då gjenstår det berre å ønskje dykk ei riktig så god helg!

One response to “Blått og brunt med bilar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s