Vinnaren er..

Foreldrepermisjon er fantastisk, og spesielt herlig er den når heile familien på fem drar på tur til Gran Canaria. Etter tre deilige veker i sol og varme er eg heime igjen, og altså klar for å trekkje vinnaren av gi borten – dog eit par dagar forsinka…

Tilbake etter ferietid.

Eg er fortsatt overvelda over responsen på gi borten, og syns det er så utruleg kjekt at så mange vil vere med! Totalt vart det 166 lodd, og eg har brukt random.org for å trekkje vinnaren.

Gledar meg virkelig til å lesa alle kommentarane igjen og ikkje minst besøkje alle dei nye bloggane som eg no har fått vite om. Dessverre har eg ikkje fått kikka innom dåke alle enda, men det blir kos å surfe rundt på ukjende sider og oppdage all kreativitet og få inspirasjon.

Men over til trekningsresultatet: Det var lodd nummer 37 som stakk av med seieren og det betyr at Mali, med bloggen Arctic Mum Blog, kan velje om ho vil ha ein litlokjole eller kalentrøye i premie. Gratulerer så mykje! Eg tek kontakt.

Vinnaren Mali kan velge mellom ein kjole eller ei skjorte.

Sidan dåke er så fantastiske og er med på feiringa av mitt to-årsjubileum i blogglandia, har eg valgt å trekkje to trøstepremiar. Begge får ein kjøkkenklut – stikka på Gran Canaria i ferien.

Trøstepremiane er to fargerike kjøkkenklutar.

Andre og tredjepremien går til lodd nummer 117 og 136 – henhaldsvis duBedåre og Monica Karin. Gratulerer til dykk òg! Send meg ein mail med adressa dykkar så kjem klutane i posten.

Fortsatt god sundagskveld 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s