Fargerike fletta hårband

lilla fletta hårband

Eg har tidligare kjøpt, og fått, fletta hårband i ull av Ulldoser. Eitt til litlo og eitt til meg som me har brukt ganske flittig i vinter.

Hårband til ein vaksen skolt.

Då behovet for å få håret bort frå ansiktet/panna meldte seg på solrike Gran Canaria i april, var eg glad for at strikkepinnar og nøster hadde fått plass i kofferten. Det blir ein del garnrestar etter klutstrikkinga, så eg prøvde meg først med ein rest rosa mandarin petit. Garnet fungerer veldig godt til hårband òg.

Det Ulldoserinspirerte rosa hårbandet var til meg og vart brukt ein del, men eg kunne nok strikka det litt kortare for eit perfekt resultat. Litlo sine hårband, eit lilla og eit i ei blanding av natur og grønt, passar perfekt og er strikka i fargar som matcher nokre av klærne hennar.

Hårband til redesignkjole

Det vert nok fleire av disse! Det er nemlig ein god måte å bruke opp garnrestar på og ein fin måte å pynte opp ein kjole, tunika eller anna antrekk.

Med ønskje om ei riktig så god helg, både i nord og sør – aust og vest!

One response to “Fargerike fletta hårband

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s