Oppskrift på hekla bomullspads

Etter mine to innlegg med hekla bomullspads har eg fått forespørsel om oppskrift. Derfor har eg – i tilfelle det er fleire som vil prøve seg på dette – knota ned på mitt eige heklespråk korleis eg har gjort det.

Har fått tilbakemeldingar på at den skal vere forståeleg, men ikkje nøl med å ta kontakt dersom noko er uklårt…

Eg har brukt dobbel mandarin petit – eit garn med 27 i strikkefastheit og ei anbefaling om pinne 3. Syns resultatet har blitt best med heklenål nummer 5, men har òg prøvd meg på 6. Det funker det òg.

Hekla bomullspads
Hekle 3 lm, lag sirkel med km i 1. lm,

Lag en ring

1. runde: 10 fm i ringen, avslutt med 1 fm i første fm du laga i ringen. (sett gjerne en markør her)

Fastmasker i ringen

2. runde: Fortsett med 2 fm i neste fm,  1 fm i neste fm, 2 i neste osv ut runden
3. runde: Fortsett med 2 fm i neste fm,  1 i neste, 2 i neste osv

Rundt og rundt og rundt med fastmasker.

4. runde: *1 fm i fm, 1 fm i fm, 2 fm i fm* gjenta frå * til* ut runden.
Dersom du ikkje vil hekle ein 5. rund avslutter du no med 1 kj i fm, fest tråden.
5. runde:  *1 fm i fm, 1 fm i fm, 2 fm i fm*gjenta frå * til ut runden. Avslutt med 1 kj i fm, fest tråden.

Berre trådfesting som gjenstår.

lm = luftmasker
km = kjedemaske
fm = fastmasker

Lukke til og god onsdagskveld til dykk alle!

PS! Vert veldig glad for tilbakemelding (og bilder) frå deg prøver deg på hekla bomullspads.

3 responses to “Oppskrift på hekla bomullspads

  1. Søkte på nett og fant akkurat det jeg lette etter her! Takker. 🙂 Skal sende deg et tips når de er ferdige.. 🙂 Skal nemlig bli en liten julegave. Nå skal jeg surfe litt her inne hos deg.
    LenaE

  2. Tilbakeping: Dagens oppskrift: Hekla bomullspads | Hekleoppskrift·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s