Prikkar på rødt

Nydeleg prikkestoff

Fleire snurreskjørt er under produksjon. Tre stykker blei klippa ut her om dagen og no er endeleg det første sydd og avbilda. Det herlege, prikkete stoffet er frå Stoff og stil. Eg har pynta opp med kvit ribb og kvitt skråband, og syns det vart eit riktig så søtt skjørt.

Det fascinerer å sjå kor ulike skjørta blir alt etter kva stoff eg vel, og ikkje minst fargen på skråbandet. Det er gjerne det som gjer heile skjørtet.

Snurreskjørt i størrelse 5-7 år

Det er òg kjekt å sjå kor lenge dei kan brukast. Alle dei eg sydde til litlo i fjor, går ho med i år. Ribben i livet gjer at skjørtet kan vekse med barnet og det blir ikkje for lite etter ein kort sesong i bruk. Slike plagg kan eg like 🙂

3 responses to “Prikkar på rødt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s