Godt planlagt prikkegåve

Me kjenner ei skjørteglad jente som har bursdag i juli, men sidan me ikkje kan vere med og feire sjølve dagen, har den komande 4-åringen allereie fått si prikkegåve.

Snurreskjørt og sko til 4-åring.

Kva gong G er på besøk, kler ho seg i litlo sine raude og svarte «høyete hælete sko», som litlo kaller det. Så då me reiste til Gran Canaria i april, hadde eg allereie bestemt meg for å jakte etter likeins sko til G.

Dei var ikkje vanskelege å finne, for disse er det mange av. Då eg oppdaga at dei hadde raude med kvite prikkar var det lett å bestemme seg. For eg  visste om det matchande stoffet heime. Dermed blei det «høyete hælete sko» og eit snurreskjørt i størrelse 4-6 år i årets bursdagsgåve – og det såg verkeleg ut til å falle i smak, for både skjørt og sko kom på i ei fart etter at pakkane var opna. Det gledar stort når ein gjer heimelaga gåver 🙂

For litt sidan sydde eg òg eit i størrelse 5-7 år. Det ligg for sal i nettbutikken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s