Nytt kjøkken – ny klut

Ferien er i gong og me har allereie tilbragt fine dagar i både Finnmark, Troms og Nordland. På Noreg si 10. største øy – og kanskje den vakraste –  Andøya, har me nytt gode dagar saman med familie.
I eit av husa på bydga er det kome nytt kjøkken sidan sist, og her pleier me å få servert dei deiligaste kaker kvar gong me kjem på besøk. Derfor syns eg det var på tide å yte litt tilbake.

Kjøkkenklut strikka på pinne 5 i garnet DROPS Paris

Ein nystrikka kjøkkenklut – i for meg nytt garn – i frisk grønnfarge fekk dermed flytte inn på nytt kjøkken denne ferien. Håpar kluten fell i smak og blir flittig brukt.
Kluten er strikka av eitt nøste DROPS Paris på pinne 5 og kan vaskast på 60 grader.

3 responses to “Nytt kjøkken – ny klut

  1. Herlighet, førr et FANTASTISK bilde Hilde!!! Av en eller annen grunn er jeg storfan av bilder av klær/ ting som henger på snora ute. Tror det er fordi alt her hjemme dundres avgårde i tørketrommel. Klestørk ute minner om god tid og god stemning:) På Barkestad holdt jeg på å ta bilde av ei «gammeldamebukse» som hang til tørk, men styrte til sist unna:) Kjøkkenklutene dine er fantastisk, har en lekker blå en på kjøkkenet nå:)

  2. Så kjekt å høyre at du likte bilde! Denne klessnora på Andøya har eg brukt før for eg digger òg bilder av klær på snor. Hadde tenkt å ha med kjoler nordover for å fotografere dei her, men fekk ikkje sydd så mykje som ønska før ferien…
    Så er det sjølvsagt veldig kjekt å høyre at klutane er godt likt og i bruk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s