Bytta kjole mot nordlys

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Då eg budde i Tromsø tok eg med meg litt av Vestlandet nordover i form av å plante eple- og hasseltre i hagen. Epletrea bar frukter etter å ha blitt tatt godt vare på, og pakka inn, om vintere. Hasseltreet veit eg dessverre ikkje korsen det går med, for me flytta frå Nordens Paris før eg fekk sett om det klarte å vekse seg til så langt nord.

Etter at me flytta til Bergen, tar eg meg ofte i å sakne Nord-Norge – spesielt er det menneskene og naturopplevingar eg saknar. Så for litt sidan bestemte me oss for å gjere noko med det – nemleg å få nordlyset innomhus.

Kjole i bomull, størrelse 5 år.

Den dyktige fotografen, og min tidligare kollega, Rune Stoltz Bertinussen vart med på eit aldri så lite bytte. Mot eit vakkert nordlysbilde skulle eg sy ein kjole til dottera. Bilde er tatt i vinter, og eg sende det til photowall.se for å få det over på eit passe stort lerret. No heng bilde på veggen, kjolen eg lova i bytte er sydd og endeleg sendt av garde med posten.

Kjolen er laga av eit dynetrekk funne på Fretex, og er sydd i størrelse fem år. Så no er det berre å håpe at søte E. både likar og passar kjolen slik at ho kan dane i takt med nordlyset.

One response to “Bytta kjole mot nordlys

  1. Tromsø er en fin by. Jeg studerte der og har siden dengang vært tilbake på ferie flere ganger. Det er en by hvor tiden står stille. Flott bilde og vakker kjole, et godt bytte:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s