Eventyrkjole

Då har eg satt saksa i noko av stoffet eg kjøpte på Andøya i sommar. To nye bukser til kalane ligg òg klar til å bli sydd saman. Eg har nemleg testa ut eit nytt buksemønster til gutane mine – og eg syns modellane vart flotte. Så snart bileta er tatt, skal eg leggje dei ut slik at dåke får sjå.

Bomullskjole i stoff frå Adlys Eventyrsalong på Andøya

Kjolen til litlo er sydd i størrelse sju år, og eg har nytta meg av same mønsteret som til den småblomstrete brune eg sydde til skulestart. Men denne gongen valde eg å lage ein heilt enkel variant, utan noko pynt på.

I vest skin sola frå blå himmel, det er kjøleg i lufta og fine fargar i naturen. Eg ser fram til ei helg fylt med familiekos (og forhåpentlegvis litt syiing).

God fredag til deg!

2 responses to “Eventyrkjole

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s