Snurr på snurr

Frå dynestrekk til elegant snurreskjørt med prikkete skråband.

Laurdag sydde eg nye bursdagssnurreskjørt, og samstundes som eg hadde straum på maskina, gav eg gass på eit par ekstra. Eg syns skjørta er så herlege, og ser kor mykje litlo brukar dei som ho har fått tidlegare. Sitt første snurreskjørt fekk ho for halvanna år sidan, og det er fortsatt titt og ofte i bruk.
I det siste har det dog vanka ein del kjolar på ho, men no bestemte eg meg for at prinsessa mi skulle få enda fleire snurreskjørt å danse med – sjølv om ho strengt tatt ikkje treng det.

På ein snurr

På den andre sida fins det vel egentleg ingen grenser for kor mange skjørt ein pynte- og danseglad 7-åring kan eige…

Ho likte både det lilla og gule svært godt, men føretrakk å eige det gule då eg bad ho velje seg eitt. Det andre – lilla med kvite prikkar – er lagt i nettbutikken i tilfelle nokon av mine lesarar vil glede ei prinsesse med elegant snurreskjørt i størrelse 5-7 år.

Lilla snurreskjørt ligg for salg i nettbutikken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s