Strikk og tøys-inspirert restesjal

Sjal av restar i mohair

Støtt og stadig har eg planar om å ta fatt på restetråd som ligg i garnkista, som eg ikkje får igjen lokket på lengre… Mengden garn inn i hus er større enn mengden garn eg klarar å strikke opp. No skal det seiast at eg har planer for alt eg kjøper inn (iallefall nesten alt), men det tar gjerne tid å få strikka opp det ein tenkjer på å lage.

Lunt og godt

Uansett, dette sjalet er strikka av restane som var igjen etter boleroen eg laga til litlo i fjor sommar. Inspirasjonskilda er flinke Strikk og tøys, og denne gongen er det yndlingssjalet hennar eg har latt meg friste av. Eg kunne nok strikka det litt større enn eg har gjort, og det var ikkje restegarnet det stod på for eg hadde meir  igjen då eg felte av. Sjalet passar likevel fint rundt litlo sin hals. Måla på sjalet er cirka 80 centimeter frå ytterkant til ytterkant og omlag 31 centimeter frå spissen til toppen midt bak.

Med spissen i front

For å få brukt opp heile restenøsta eg har dratt fram, har eg tatt heklenåla i bruk. Så no vert det TV resten av kvelden for å fullføre sjalet av fastmasker og stavar. Til saman på desse to sjala nyttar g eit knapt nøste mohair som eg kjøpte på Stoff og stil i juli 2010.

Hekla restesjal på gong

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s