Multnomah sjal til mor

Julegåve

Lenge har eg fundert på kva eg skal gi til mor til jul. Mor er då mi bestemor, som snart har levd i 80 år, og den siste tida har ho pakka ned gamle stoffer, knappar, glidlåser, skråband og anna sysaker og sendt dei frå Finnmark til Vestlandet for at eg skal ha glede av det.

Eg blir så glad for disse skattane, og uansett kva eg finn på i retur kan det liksom ikkje måle seg… Men no trur eg eg har funne den perfekte julegåva til ho, og eg er rimeleg sikker på at ho vert både glad og imponert.

Sjal i minipalett frå Sandnes

Inspirert av mi flinke og gode venninne bak bloggen Strikk og tøys, gjekk eg nemleg i gong med eit Multnomah sjal for ei tid sidan. Eg syns sjalet ser så avansert ut å strikke, men dette prosjektet var faktisk så enkelt at eg kunne gjennomføre det som hyggeleg kveldsstikking føre TV.

This slideshow requires JavaScript.

Mønsteret fann eg på norsk her. Eg har nytta eitt nøste Sandnes Mini Palett av typen Multi Petrol. Sjalet er strikka fram og tilbake på rundpinne nr. 3,5 og eg har berre igjen sju gram av det 100 gram store nøste. Kan hende dei vert forvandla til ei rose som eg kan lage sjalnål av.

5 responses to “Multnomah sjal til mor

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s