God jul!

Då er alle gåvene laga, pakka og sendt hit og dit. Det meste av alt anna julestæsj er i hus, men me manglar å få på plass juletreet (som ikkje skal pyntast før fredag) og enda meir julemat…

God og fredfull jul!

I romjula vert det nok visning av dei aller fleste julegåvene, men fram til dess vil eg ønskje deg ei god og fredfull jul! Tusen takk for at dåke kikkar innom meg og tusen takk for all inspirasjon dåke gir meg! Eg beundrar dåke kvar einaste dag 🙂

Her skal jula brukast til å senke skuldrene, ete og drikke godt, beundre gleden hos små barn og ikkje minst er det ei tid for ettertanke. Symaskina nyt nok også ein velfortjent pause syhektisk førjul. Strikkepinnane derimot, dei får nok svinge seg i håp om å trylle fram ein ny genser til litlo.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s