Til min hjarteknusar

Hjarter i fleng.

Sidan Pickles lanserte oppskrift og bilde på I ❤ U genseren, har eg drøymt om å strikke ein til litlo. Tida strakk ikkje til før jul – då var det julegåver som var fokus. Men det første strikkaplagget som vart ferdig i det nye året er denne herlege genseren i ull og mohair – ei fantastisk kløfri garnblanding frå picklesjentene.

Strikka i mjuk og kløfri merinoull frå Pickles

Tenk å vore barn i dag og fått lov å oppleve så mjuk og kløfri ull tett på kroppen, i staden for å dra med seg minnene om gensrar som stakk og klødde…
litlo er strålande fornøyd med både form, farge og garnval, og har hatt genseren på sidan fotoseansen i ettermiddag.

Klar for vintersesongen i ny genser.

Eg endra litt på felling til hals i forhold til mønsteret. Strikka ein ekstra runde med grått etter å ha avslutta siste mønsterrunde, felte til 70 masker og strikka 2 rundar rett før eg begynte på vrangborda for så å følge oppskrifta igjen.

4 responses to “Til min hjarteknusar

Kommenter innlegget