Pynteleg påskestrikk

Tøysemilo til yngste kalen

Heilt sidan eg strikka tøysemiloen til den yngste kalen for halvanna år sidan, har eg drøymt om å strikke ein i same mønster og same garn, men anna farge. Garnet er Cashmerino silk frå Pickles – ein klar favoritt – som dei var utseld for ei tid. Då Pickles fekk det inn igjen i oktober var eg snar med å bestille, men eg har ikkje tatt meg tid til å strikke vesten før no i påsken. Før jul var det jo tross alt ein del julegåver som skulle prioriterast.

Tøysehue i cashmerino silk

Eg bestilte fire nøster med det deilige garnet, og brukte to til vesten som er i størrelse tre år. Dermed hadde eg meir enn nok til å lage ei hue i same stilen. Den er strikka på rundpinne nummer fire og eg la opp 86 masker til tøysehua. Mønsteret til vesten er ein kombinasjon av milovesten til Georgie Hallam og tøysetoppen frå Pickles, medan hua er eige mønster basert på same mønster som stripene i tøysemiloen.

This slideshow requires JavaScript.


Gleden var stor då eg oppdaga kor supert vesten og hua passa til den nysydde kalenbuksa. Stoff og mønster er likt som forrige buksa E. fekk, men eg har sydd den ein størrelse større.

One response to “Pynteleg påskestrikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s