Bloggbursdag og gåvedryss

Sundag 29. april var det akkurat tre år sidan eg starta å blogge, og ein slik fin dag kan ein ikkje la forbigå i stillhet…
Bloggbursdagen vart feira med litt godt i glaset og spekulering på korleis eg skulle takke for all motivasjonen de gir meg. For sjølv om eg likar å blogge, kan eg ikkje stikke under ein stil at den største motivasjonen av dei alle ligg i dåke som besøker bloggen, les den og kjem med kommentarar her eller på facebook-sida mi. Tusen, tusen takk!

Så for å vise at eg set pris på kvar og ein av dåke har eg bestemt meg for å lodde ut ein litlokjole i  (nesten) valfri størrelse (så lenge den er mellom 1 og 8 år).
Reglane for å delta i lotteriet er som følgjer:
  • Du får eitt lodd ved å kommentere dette innlegget
  • Du får eitt lodd  ved å vere eller å bli følgjer på facebook
  • To lodd til får du om du lenker til innlegget fra din eigen blogg, på facebook, twitter eller liknande
Du kan altså ta totalt fire lodd om du kommenterer, er/blir følger OG lenker til meg. Skriv i kommentaren kor mange lodd du tek.
Trekninga skjer i løpet av den første helga i juni 2012, og vert annonsert kort tid etter det!
Om du ikkje har eigen blogg, må du huske å legge igjen e-postadressa di slik at eg får fatt i deg dersom du vinn lotteriet.
Koseleg om du har lyst å vere med – lykke til!

20 responses to “Bloggbursdag og gåvedryss

  1. No har eg skaffa meg fire lodd 🙂 Veit om ei flott jenta på snart tre som ein slik kjole hadde passa utmerka på. Ha ein flott dag, Hilde. Mvh Marit Kristin

  2. Hei på deg! 🙂 Flott og inspirerende blogg! Blir 3/4 lodd på meg. Jeg har delt på facebok, men ikke på noe blogg (vet ikke om det var enten eller, eller begge delene) 😉

    mvh Majken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s