Alvelandsåper og kalenklutar

Eldste kalen vert skulegut til hausten – og då er det slutt på å vere i barnehagen saman med dei flinke og hyggelege menneskene der. Dei tilsette er strålande, og burde bli sett pris på oftare enn oftast. For å vise dei at me syns dei både gjer ein god jobb og er snille, tok kalen med seg handlaga såper frå Alveland – som han kjøpte på Andøya i påsken – og heimestrikka kjøkkenklutar til dei på advelinga si.

Den populære multebærsåpa frå Alveland med gul kjøkkenklut.

Kvar einaste av dei fekk ulike såper laga av Rita King – som eg forresten har laga artikkel om i siste utgåve av flymagasinet til Norwegian. Saken finn du på bloggen til den dyktige fotografen Tony Gulla om du vil lese.

Lilla kjøkkenklut passer godt til den flotte tyttebærsåpa.

Kalen velde kven av dei tilsette som skulle få såpe med multer, sjokolade, einebær, honning/kanel og grønnmynte. Så er det berre å håpe at såpe og klut fall i smak og vert godt brukt!

Fem såper og klutar til fem flotte tilsette i barnehagen.

Fin-fin tysdag til deg!

One response to “Alvelandsåper og kalenklutar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s