Nye stoffer – mange tankar

Her om dagen skulle eg berre som kjappast innom Åhlens for å sjå etter eit par knaggar, men fant ikkje nokon eg falt for. Derimot kom eg over fleire lekre stoffer, og eg klarte rett og slett ikkje gå ut av butikken uten disse to friske og glade bomullsstoffa.

Nye stoffer i hus

Heilt sidan eg stod i butikken, har kreative tankar om kva dette kan bli fått fritt spelerom. Kva med eit sommarsleg snurreskjørt, enda ein tunika eller ein litlokjole. Ideane er mange, og eg har ikkje landa på kva eg skal lage.

Då eg tok fram stoffa for å ta bilde, la eg dei i sofaen og vips så syns eg at det rutete stoffet ser ut til å bli skikkeleg knæsj som ei fargerik og frisk pute i den lyse sofaen… Så kan hende eg må debutere på putefronten – og kjøpe fleire meter av stoffet slik at eg òg får laga noko flotte sommarklede. Tida vil vise kva eg endar opp med.

Og mens eg tenker kreativt, siklar eg òg på stoffer som Stoff og stil har på sommarsalg.

Ønskjer deg ei flott, kreativ helg!

2 responses to “Nye stoffer – mange tankar

  1. Oh! Fine stoffer! Har Åhlens rett over torget fra der jeg jobber. Farlig 😉
    La merke til at det var salg på Stoff og Stil ja! *sikle* Blir spennende å se hva du lander på!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s