Korg av restegarn

Etter inspirasjon frå mi gode, kreative og flinke venninne Strikk og tøys, har eg gått laus på restegarn som eg har hatt liggjande etter å ha strikka ein del kjøkkenklutar i bomull.

Hekla av restegarn.

Utrusta med heklenål nummer 5 og dobbel tråd Mandarin petit har eg tatt utgangspunktet i denne brødkorgoppskrifta frå Drops.
Spleiseteknikken eg har brukt er skildra i Strikk og tøys sin blogg. Genial måte å skifte tråd på, og så slepp ein å feste ørten endar når korga er ferdig.

Sommarsleg fargeklatt.

Det blir nok fleire slike etter kvart, men neste gong kjem eg til å hekle færre rundar før eg startar å hekle kanten oppover. Denne gongen hekla eg cirka 18 rundar i botn  – det syns eg vart i største laget sjølv om den fort vert fylt opp når eg puttar oppi sommarens strikkeprosjekt…

Passe med plass til nytt garn og sommarprosjekta.

One response to “Korg av restegarn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s