Perfekt oppskrift for restegarn

Fletta hårband er enkelt og flott tilbehør som kan lagast av restegarn i både ull og bomull.

Lilla fletta hårband til litlo.

Etter å ha fått nokre flotte hårband av Ulldoser i ull, har eg laga eit par stykk til litlo i bomull, og ho spør stadig etter fleire i andre fargar. Foreløpig har eg ikkje tatt meg tid til å lage det til ho, men planar om å imøtekome ynskje hennar har eg dog…
I mellomtida tenkte eg at eg kunne dele oppskrifta med deg dersom du vil pynte opp deg sjølv eller ei lita tulle du kjenner.
Eg har nyttar dobbel tråd mandarin petit sidan eg ofte har ein rest av dette garnet etter kjøkkenklutane eg strikkar. Legg opp 12 masker på pinne 4,5 eller 5 (hugsar ikkje helt kva eg brukte, men bruk det du syns passar best). Legg om fleire masker om du vil ha eit breiare hårband.

Hårband i to fargar.

Mønsteret er som følgjer:
Strikk 1 pinne vrang, 1 pinne rett, 1 v, 1 r, 1 v, 1 r, 1 v (i alt sju pinnar glattstrikk). Kvar åttande pinne strikkar du flette – frå rettsida – på denne måten:
Sett dei 6 første maskene på ein hjelpepinne. Strikk dei neste 6 maskene med garnet foran hjelpepinnen. Strikk så dei 6 maskene på hjelpepinnen.
Strikk sju nye pinnar glattstrikk før du lagar ny flette. Gjenta dette mønsteret til passe lengde (litlo sine hårband er om lag 50 centimeter og har 10/11 fletter).
Fell av og sy fint saman.

Håpar dette var forståeleg 🙂 Lykke til, og fortsatt god sommar!

One response to “Perfekt oppskrift for restegarn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s