Veske til vått

I år skal litlo ha svømming på skulen, og då ville ho så veldig gjerne ha ei heimesydd veske å ha handkle og badedrakten i medan ho går til og frå svømmehallen.

Ny veskemodell til litlo

I ei tid har ho spurt etter ei sånn veske som ho kan henge over skuldra. Eg har tidligare sydd ho ei lita veske til byturar, men no ville ho ha ein større variant.
Søndag satte med av litt sytid, og etter ein liten time med klipping, stryking og sying var veska klar. Utgangspunktet er dei vrengsydde veskene som eg har sydd før, men denne gongen har me valgt eit A4-ark som utgangspunkt for malen.

Veske til å ha med på svømming og ballett.

Veska er sydd av eit arva stoff og ein voksduks – på den måten gjer det ikkje noko om ein våt badedrakt og handkle vert lagt oppi etter bruk. Skulle det bli pøsvatn på turen til og frå svømminga, kan litlo òg vrenge veska slik at voksduken vender ut – og vips så tåler veska vestlandsvér. Lomma er laga av ein stoffrest eg har igjen etter ei gåve frå Stoff og Design som eg fekk tidligare i år.

7-åringen har sjølv valgt stoff til den nye veska, og er stolt som berre det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s