Ønskjeliste

Ungene og eg har brukt formiddagen til å gjennom alt av haust- og vintertilbehør som huer, vottar, halsar og lignande. Alt som er for lite er lagt vekk eller lagt i skuffa til den som er yngre og vil arve. I samme slengen som me rydda, har ungane óg kome med ønskjeliste på strikka ullplagg som dei vil kle seg i denne sesongen.

Ny hals og I<3 U-vottar på ønskjelista

Litlo ønskjer seg nye I ❤ U-vottar, vaffelhue, ein hals eller to samt poncho. I tillegg begynner den flotte og velbrukte Tonje Glimmerdal-hua me fekk av Strikk og tøys for ei tid sidan å bli litt knapp. Ei ny slik står òg på ønskjelista.

Ny stripehua på ønskjelista til kalen.

Eldste kalen ønskjer seg og I ❤ U-vottar – men i guttefargar – og ei ny stripehue. Minste kalen har ikkje kome med anna ønskje en vottar, men vil tru at han fort får seg ein ny tøysemilo òg.Den brunstripete eg strikka til påske passar fint enda, men den gråblå er for liten. Desse vestane er supere å dra over ein body om det er litt hustrig ute.

Blir nok ein ny tøysemilo til yngste kalen

Og med ei slik ønskjeliste, samt ein heil haug med andre prosjekt eg vil gjennomføre, er det godt at hausten er her. Ei fin årstid som fort innbyr til innekos og strikketid.
Så då gjenstår det berre å dukke ned i garnkorga og finne fram eit av mine favorittgarn – abuelita tjukk merino – og legge opp til nytt prosjekt.

God helg!

4 responses to “Ønskjeliste

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s